Teksten er skrevet ordrett av originalene, slik at det kan forekomme en del grammatiske feil.
M/B » S T Ø M S G Å R D «
Fortalt av Bjarne Andreassen i brev til Oddbjørn
Den første «Strømsgård med vedhenget «Gammel» i daglig tale blei bygd i Harstad (Gangsås) omkring 1905 – 1907. Det var like etter at Meieriet blei starta, og omtrent samtidig blei også Tromsøsundets Sparebank til. Båten blei bygd av Hans Jensen (16.1). Han var son til Jens Olai Nilsen (5.6.), og såleis søskenbarn til han far (Ole Bårdsen). Far var også den som var med i alle fall då motoren blei montert og blei den første førar og maskinist. Det var jo i motorens barndom og dei kalla det visst for «Monitor», for eg minnes at oldemor, Lavina, spurte far om det var han som skulle være monitor, når han skulle passe maskinen. Eg minnes ikkje kor mange maskiner båten hadde, men andelslaget søkte til meieristyret om å få sette motor i båten. Dei var redd for at det kunne bli bensinsmak av melka med ei slik innretning. Dette kan en visst lese om i 50-års beretninga til meieriet, om du kan få tak i den. Båten var omkring 30-40 fot, men smal og djupgåande og ei sabla ”rullbomma» kor både kjærringer og andre var redd og spau mykje, når det var ruskevær. Noko kom også av motorosen, for «salongen» rakk heilt til skottet mot motorrommet, og i dette var det ei luke til å ta bort under smøring og ettersyn. Slik fikk ferdafolket også en titt inn dit når denne luka blei tatt bort derveis, men det blei også bedre gjennomtrekk for motorosen, som så blei blåst fram i «salongen». Langs salongen var det eit oppbygg, slik at en kunne stå nokonlunde bein midt på dørken. Dette gjorde at det blei «ganger» langs rekkene til å sette melkespannene i, men vintersdag måtte også spannene med melk ned i huset. Båten var «klavert» som dei sa (ikkje klinka), og det var berre ei luke i dekket over maskinrommet. Der kunne dei stå å styre med rorpinne. Båten var kuttertype og hadde vanlig hekk som på nye «Strømsgård». Etter ganske mange år blei det bygd et lite «styre¬hus» over denne luka, men det kom aldri styregreier inn i dette huset. Den som styrte måtte stå attom «rorhuset» med foten på rorpinnen og kikke over taket eller på sidene av huset, alt etter kropps-ruv og andre tilhøve. Etter at kallene var blitt «opplært» hadde dei kvar sin tur til å være «monitor» og deretter blei også pass og stell av båt og motor. Det blei oljeskvett og søl rund alle vegger, og maskinisten måtte bruke oljebukser. Hadde han ikkje det blei han i alle fall temmielig skitten. Det var også mykje plunder med motoren, og maskinskade hørte nesten til dagens orden.
Det hendte rett som det var at dei låg «på rak». Då var det berre å strekke fokka og stormseglet om dei ikke det alt var oppe, og freista og ta seg fram som best ein kunne, mens maskinisten og andre kallar arbeidde og svor og forsto svært lite av feilen. Var det då uver kunne det jamt hende at kjærringane både spau og bad til Gud om å komme seg vel og vakkert til byen eller heim alt ettersom. Den første motoren eg minnes var ein firtakt «DAN», men om dette var den første, veit eg ikkje heilt sikker. Eg minnes at båten blei tatt opp i Vollelva omtrent med gammelbrua, og at det der blei satt inn en firtakt «ALPHA» Dette var truleg sist på første verdenskrigen. (1917/18). Det var en Hagbart Halvorsen fra Tromsø som var montør den gangen, og han bodde hos Andreas Olsen, far til Kristen. Halvorsen døde etter siste krig, og vi arbeidet i lag på verftet i den tida eg var der, men då var han rundt 70 år. Han og «Johannes på Bryggeriet» brukte å være i elva på fiske, og brukte visstnok da og ta inn hos Karl Konradsen. Dei var friluftsfolk og små «svire-brør» for Halvorsen var kjent for å være litt «surra» rett som det var. Slik så var det en Karlsøy-væring som hadde fått montert ein motor hos han og en Jørgensen som dreiv verksted ilag. Så måtte de jo «gå prøvetur» og då skulle eiaren sjenke for godt arbeide. Denne eiaren blei etterpå spurt kor det gjekk på prøveturen, og om han hadde lært noke. «Ja,» sa han, «den eine spau og den andre passa svinghjulet, og det var heile lerdommen.» Men det gjekk ikkje stort bedre etter at det kom ein «ALPHA» inn i båten. Alle skulle være maskinist etter tur og «melkedag» og det blei mykje maskinskade fortsatt. Så var det visst Johan Bendiksen som først fekk jobben som fast førar, og seinare trur eg Ludvik Pettersen var det ei tid, og kanskje fleire. Då gjekk det jo bedre, men båten blei liten og uhensiktsmessig, så det blei bestemt at dei skulle få bygd ein ny. På Målsnes var det ein som dreiv med slikt, og han fikk oppdraget. Lorents Larsen var då formann i andelslaget, og han skulle se til bygginga av og til. Bård Karlsen reiste så til Målsnes og var med under monteringa av ein 25(?) HK «BRUNVOLD» totakter. Då båten skulle leveras rodde Lorents Larsen og Johannes i Nordgården innover på ei storvoren spissa som Lorents hadde, for å være med å ta båten heim. Men då dei kom på Brokskaret på heimveg, sprang tennkula på toppen og dei liggande i maskinskade. Båten held mest på å drive i land for dei, der borte, men dei fekk då ut ankret og låg han av, inntil dei fekk skifta inn ei ny tennkule og stara opp på ny. Slik kom dei seg då tilslutt på Hamnebukta.
Lorents sa etter dette: «Du skal tru det var ikkje greit og komme med nybåt, og holde på å drive i land» og det var det nok ikkje heller. Om båten var assurert, veit eg ikkje.
Dette var i 1925, og skulle min første tur på ishavet. Det høvde slik at det var første turen nybåten tok melkeruta då eg og faderen skulle være med, eg for å hyre meg med «Holm», og han for å utstyra meg med oljeklea og utsyr. Det var en fin, frostklar dag først i mars, at vi kasta laus i Hamna. Båten var ikkje enno blitt avdelt med skott, slik at alt var i ett frå stamn til stamn. Vi og mange andre kallar var med nokon over dekk og nokon under. Eg var ein av dei som satt på spantene i båtsida, så langt att som det rommet skulle bli.
Vi sat og såg på den fine nye motoren som pikka og trippa så lystelig, og gav fin fart. Best det var blei det en varmeloge og ei ildmørja som spruta mest alle vegar: Det var tennkula som sprakk. Vi var då på Balsfjorden i fint vær. Ja, Bård måtte til å skurva og få ei ny kule på plass, og så kom vi no til byen, om noko seinare enn beregna. Dette med at tennkulene ikkje sto var en «barnesjukdomm» på desse første motorene, men det blei retta på, etter ei tid. Denne båten var noko større og breiare enn den første, og den blei så godt likt at Slåttnes fekk «Forsøk» frå samme båtbyggaren. «Strømsgård» blei sidan forlenga ( i 30-åra?), men då var eg reist frå Staumsbukta. Det var berre dei som var medlem i meieriet som også var «andelshavere» i «Strømsgård».
Desse var:
Anders Olsen Hans Iversen
Karl Konradsen Morten Mikalsen
Nils Johannessen Ulrik Heiskel
Ole Bårdsen Johan Martin Johansen
Petter Olsen Lars Peder Hansen
Karl Olsen Hans P. Olsen
Hans Pedersen Hans Andreassen i Hamna
Johannes Lorentsen
Laurits Mortensen, Karolina i Nordgården kom visst inn i meieriet noko seinare. Og Hans Bårdsen og muligens dei andre i Hamna kom ikkje med før Hans Bårdsen gav fra seg jorda. På den tid blei det også snakk om å få større og bedre båt. Fra då av var visst alle i bygda med.
Dei eg minnes som var førarar og maskinistar var:
Andreas Olsen Johannes Lorentsen
Karl Konradsen Hilbert Mortensen
Ludvik Pettersen Hans Pedersen
Lorents Larsen Ulrik Heiskel
Hans Andreassen
Dette på «Gammel-Strømsgård», og då var det «DAN» motor. Før den tid var det å segle og ro til byen. Enten skippa dei seg fleire i lag, eller dei for når det høvde slik. Det var vel for det meste surmelk dei då sendte til byen og bar rundt i husa. (Når det gjeld dette se ei historie om Karneles Zakkariasen) Slik er det fortalt om oldemor, Lavina, ho sendte daller med surmlek som ho laga slik at siste bonka ho fyldte i dallen lot ho rømmen bli liggande som et lokk oppå. Det var «å-laget», eller godbiten ho gav attpå. Ho, som andre, hadde jo kår-ku, kanskje fleire. Men det var også kjærringer som tok i mot melka for videre-salg: Slik så var det ei dei kalla «Surmelk-Petrikka» som visstnok dreiv med det. Folk hadde også separatorar for å få fløyten av melka. Om du minnes frå kjøkkenet på «Breistrand» så var det ein høg benk frå loft-trappa og til sørstudøra, vis a vis komfyren. Det var «separator-benken», men separatoren kan ikkje eg minnes noko særs om, han blei nok solgt straks etter at meieriet kom. I kjøkkenet hadde jo også vore gruva med bakaromn, frå komfyren og til spiskammers-døra: altså på veggen mot sove-kammerset. Nokon pussige fortellingar frå den første melkebåtfarta kjem eg ikkje på, Men om så var at dei måtte hive spannene på havet kunne dei nok ikkje gå rundt det Hamneskjæret som ikkje flør over, for mellom dette skjæret og landet er det berre roande ved oppflødd sjø, og midt på valen, mellom skjæret og land ligg det ein stor stein som en måtte passe seg for når ein rodde der. På fjære er visst valen tørr. Men det kan jo tenkes at det er gåande med ein mindre båt rundt den flua som støtta står på, og som ein visst ser skolten på av på fjære sjø. Det var jo nokre som hadde sekstringar og åttringar både før og etter at gamle «Strømsgård» kom. Desse blei då brukt når det var lengre maskinskader. Hans Bårdsen hadde åttring som han brukte i Lofoten, og Karl Olsen, Johannes Lorentsen og Bernhart Jensen hadde sekstringar, eller båtar i den størrelsen. Bernhart Jensen sin blei mykje brukt når det var puss av Strømsgård om våren og sommaren. Den var eg også med å for med til byen.
Pinsen 1968 (3.6.68) Har Oddbjørn M. Bårdsen en samtale med
Jakob Larsen, Hamn. Han fortalte følgende:
Aller først hadde «Strømsgård» en dansk bensinmotor som hette
«TOR». Hvor stor den var vites ikke. Om denne motoren mener Sigurd Johansen (63.7.) at den visstnok var noe tungvindt og vanskelig å håntere, slik at men den var i båten var det bare Ole Bårdsen som var kompetent til å bruke den. Det var kanskje et par års tid. Så kom da «DAN» motoren og så «ALPHA» motoren. Kor stor «DAN» motoren var vites heller ikke, men «ALPHA» motoren var omlag 8 HK sier Jakob. Farta var alikavel upåklagelig. Jakob minnes at gammel «Strømsgård» var svart på farge med ei gul rand under rekka. Men han antar at den først hadde ei anna farge (kanskje kvit). Den nye «Strømsgård» kom med «Brunvold» motor som Bjarne Skriv, men den var bare 15 HK. Den motoren som sto i båten den siste tida var 20 HK Brunvold med startsystem luft/sigarett. Denne motoren ble innsatt i 1933, og samme året begynte Jakob Larsen og føre «Strømsgård» i fast stilling. Som lønn hadde han kr. 2.50 pr. dag (bytur). Han var i denne jobben utan avbrudd til 1951, da han sluttet med en lønn av kr. 300,- eller 350,- pr. måned fast. I 1938 ble «Strømsgård» forlenget på Gibostad fra 36 fot til 44 fot.
Og i 1948 ble huset bak styrehuset bygget slik det var til det siste. Jakob forteller også at boyet ble flyttet til Vollelva i 1931 for da var det Ludvig Lauritsen og Peder Jensen som gikk med «Strømsgård». Når det gjelder puss av gammel «Strøsgård» minnes han at båten ble tatt opp i Vollelva, kjørt opp i mælen og tvinga over på sida. På denne måten ble en side pusset før båten ble snudd og det samme gjentok seg med den andre siden.
Ved avviklingen av andelslaget Strømsgård ble den solgt til Ingolf Knudsen, Slåttnes. Han brukte den til reketråler, etter å ha gjort noen nødvendige reduksjoner av overbygget, m.v.
Det siste Jakob visste var den i eie hos Evald Johansen, Thomasjord. Nu hadde han i midlertid hørt at Johansen hadde en annan båt, og foreløpig mistet «sporet» av «Strømsgård». Jeg spurte Jakob om han hadde opplevd noe «spennende» i sine år på «Strømsgård». Nei, det kunne han ikkje minnes. Det eneste måtte være da de på vårparten 1945 «gikk på» ei mine utafor Slåttnes, d.v.s. mina skrapte langs sida på Strømsgård nesten fra baug til hekk. Han sto ikkje sjøl til rors da, så han visste faktist lite om det før det var skjedd. Dette var på en ekstratur etter cellulose, og de hadde tyskere ombord fra Hella. Da de kom til byen varslet de rette vedkommende som rykte ut, og fann mina oppe ved en naustvegg. Det var et tau eller wire fast i mina som ho hadde slept med seg. Så hadde Ole Mortensen (far til Marie Olsborg) funnet den og dradd en opp gjennom fjæresteinene, og skrytt av for et fint boy til båten sin han hadde funnet. Eiergleden over det fine «boyet» ble i midlertid av kort varighet. Den ble hentet av minekommandoen, som ikke visste hvor forsiktig de skulle få den transportert til sjøs igjen. Den ble igjen trekking etter tauet nedover den fjæra. Så blei den tatt på slep ut i Malangen og sprengt. Og smellet var det ingen ting å si på, det er helt sikkert.
Med hensyn til «Gammel-Strømsgård» så sier Jakob at denne perioden kunne det sikkert vært skrevet en hel roman eller humoresque om, dersom man bare hadde visst om alt som skjedde av morsomme og dramatiske kanskje melodramatiske ting i denne tiden. Når det gjelder å gå i ring på Hamne-bukta så skal det ha skjedd på denne måten: Det var Kristen Andreassen som egentlig skulle gå med båten, men så måtte han være over i byen i et eller anna viktig ærende. Han hadde då fått Petter Olsa, bror av Edvin Olsen til å «ta heim» «Strømsgård». Kristen var endå med han heilt til Lanes og viste han hvordan alt skulle gjøres. Der gjekk Kristen i land, og Petter fortsatte. Då han kom inn på Hamne-bukta hadde han enten glømt hvordan alt skulle gjøres, eller det var nervøsitet eller andre årsaker: han berre gikk i ring og kasta spannene på sjøen. Der blei de tatt opp av småbåter mens han fortsatte inn til boyet.
Sommar-boyet til «Strømsgård» var uttafor «Lille-sanden», om lag rett ut av stua til Hans Pedersen på «Bakken» (no Fredriksen), men noko langt utpå. Dit rodde alle frå Voldelva til Nordgård, for båten stoppa berre i boyet. Det var visst omkring 1930 at boyet blei flytta sør på bukta, og til den tid var vinterboyet på Hamnebukta.